Inn i norskfaget - Om faget, debatten og didaktikken

ISBN: 82-7935-124-8

Boken begrunner, beskriver og illustrerer fasene i en praktisk modell for individuell planlegging. Boka kombinerer norskfag, norskfaghistorie, norskfagdebatt og norskdidaktikk på ein spennande måte. Forfattaren kastar lys over karakteristiske trekk ved faget, faghistoria, debatten og didaktikken.
Veiledende pris med mva
Salgspris med rabatt
Pris: kr. 265
Rabatt
Forfatter: Sveinung Nordstoga

Korleis kjem ein inn i norskfaget? Ein måte å nærme seg dette store faget på er å sjå det i eit metaperspektiv, og det er denne innfallsvinkelen boka legg vekt på. Viktige problemstillingar blir derfor:

Kva kan faghistoria og fagdebatten fortelje oss om norskfagets eigenart?
Kva seier læreplanar om norskfaget?
Korleis skal ein forhalde seg til skiljet språk/litteratur?
Kva for fagdidaktiske problemstillingar er sentrale?
Korleis er dei to målformene med på å gjera norskfaget til eit eigenarta fag?
Kva har sjangertenkinga å seia for norskfaget?

Boka kombinerer norskfag, norskfaghistorie, norskfagdebatt og norskdidaktikk på ein spennande måte. Forfattaren kastar lys over karakteristiske trekk ved faget, faghistoria, debatten og didaktikken. Han skriv for allmennlærarstudentar og studentar i praktisk pedagogisk utdanning som studerer norsk. Framstillinga er ein presentasjon av eit fag og kan lesast som ei innføringsbok der forfattaren både gjev lesaren eit overblikk over eit stort fagkompleks og tek han med på nokre djupdykk i viktige emne.


Sveinung Nordstoga er høgskolelektor i norsk ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Telemark.


FØREORD

FEM UTSEGNER OM NORSKFAGET
1. Norsk er eit tekstfag
2. Norskfaget har ein litterær del og ein språkleg del
3. Norskfagets største problem er namnet på faget
4. Norskfaget er altfor stort
5. Norskfaget er eit vanskeleg fag

KOR STÅR NORSKFAGET I DAG?
FAGHISTORISKE BLIKK OG PERSPEKTIVER FRAMOVER

TEORI OG IDEGRUNNLAGET TIL NORSKFAGET
Skulefaget
Vitskapsfaget

FAGPLANANE
L97 - "Generell del" og "Broen"
"Generell del" og "Faget sin plass i skulen" - analyse og kommentarar i retorisk perspektiv
L97 og strekpunkta
Læreplan for vidaregåande opplæring i norsk

"NORSK OG NYNORSK"
Nynorsk i Europa
Presisering av omgrep
Dei norske målformene og norsk som andrespråk
Nynorsk i norskfaget og striden om sidemålsopplæringa
Nynorsk - meir enn eit språk
Nynorsk i skulen og i samfunnet
Fløgstad, Hoem, Fosse

SJANGER
Innleiing
Sjangerrevolusjonar
Ein sjangerdidaktikk?
Den "offentlege" sjangertenkinga
Sjanger - tvangstrøye eller frigjering?
Teoretiske synspunkt og perspektiv
Sjanger i skjønnlitteratur

DIDAKTIKK
Omgrepet didaktikk og ulike synsmåtar
Eit didaktisk utgangspunkt
Historia som didaktisk potensial
Danning og didaktikk
Norsk på yrkesfag

SLUTTORD

Personregister
Sakregister


Utgitt Juli 2003