Klimapolitikk. Samfunn og styring under eit klima i endring

ISBN: 978-82-7935-375-1

Klimapolitikk handlar om klimaproblemet som samfunnsproblem, politisk problem og styringsproblem.
Veiledende pris med mva
Salgspris med rabatt
Pris: kr. 395
Rabatt
Forfatter: Jon Naustdalslid

Klimapolitikk handlar om klimaproblemet som samfunnsproblem, politisk problem og styringsproblem. Den naturvitskaplege klimavitskapen fortel oss at vi ikkje lenger lever under eit stabilt og «naturleg» klima, men eit som er i endring på grunn av våre utslepp av klimagassar, av korleis vi forvaltar naturressursane på kloden. Vi lever under eit «hybridklima», som resultat av samspelet mellom natur og samfunn. Følgjeleg vil framtida ikkje berre gje oss eit anna klima, men eit klima som vil vere styrt av korleis vi styrer samfunnet. Det er korleis samfunnet handterer denne nye situasjonen som er tema for denne boka. Dette «nye» klimaet er ikkje berre – og kan hende ikkje først og fremst – eit miljøproblem. Det er minst like mykje eit komplekst og samansett samfunnsproblem. Klimavitskapen har vist at vi lever under eit menneskepåverka klima og at den globale oppvarminga kan få dramatiske konsekvensar for samfunn og natur. Men den kan ikkje svare på korleis samfunnet kan eller bør handtere problemet.

Denne boka er eit forsøk på å ta tak i klimaproblemet der den naturvitskaplege klimavitskapen ikkje lenger kan gje svar: Korleis ser klimaproblemet ut som sosialt, kulturelt og politisk problem? Kva for konfliktar og motsetnadar utløyser ulike klimatiltak? Kvifor har ikkje Kyoto-strategien fungert? Korleis og kvifor kjem forsøk på å løyse klimaproblemet så ofte i konflikt med andre problem i samfunnet? Og kan hende det viktigaste spørsmålet er: Korleis kan og bør samfunnet møte ei framtid der det kan bli mogleg å manipulere klimaet? Klimapolitikk bygger på ein gjennomgang av norsk, men først og fremst internasjonal litteratur som argumenterer for at dagens rådande strategi om klimatiltak, basert på naturvitskapelege perspektiv, er eit blindspor. Denne litteraturen er mindre kjent i Noreg og boka bidrar til eit innblikk i diskusjonen.


 


Jon Naustdalslid, f. 1945, mag.art. ved UiO i 1974, var frå 1988 til 2013 tilknytta Norsk institutt for by- og regionforskning som forskingssjef og instituttsjef. Var med på å grunnlegge det tverrfaglege Forskningssenter for miljø og samfunn (CIENS). Har også vore tilsett ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule som førsteamanuensis og høgskuledosent. Naustdalslid har også vore på oppdrag for NORAD i Tanzania 1985–1988.


I N N H A L D

Kapittel 1 Mot eit «hybridklima» 
Kapittel 2 Kva er klima og kva skjer med det? 
Kapittel 3 Klimavitskapen – fra naturvitskap til hybridvitskap 
Kapittel 4 Ein mislykka klimapolitikk 
Kapittel 5 Mot ein alternativ klimastrategi 
Kapittel 6 Tilpassing til eit klima i endring 
Kapittel 7 Klima, kunnskap og planlegging 
Kapittel 8 Planlegging og ein natur i endring 
Kapittel 9 Kan vi – og i så fall bør vi – manipulere klimaet? 


I salg fra 9. november 2015