Den moglege sjølvoverskridinga - Norskfaget som danningsfag
ISBN: 978-82-7935-366-9
Denne artikkelsamlinga freistar å problematisere den ferdigheitstenkinga som langt på veg pregar norskfaget i skulen dag. Forfattarane utforskar danningsomgrepet, og framhevar at nettopp dette kan vere med på å danne ei motvekt mot for mykje målstyring og instrumentalisme i skulekvardagen.
Artiklane tek for seg emne som; bruk av tekstar frå norrøn tid og korleis det framande kan ha i seg eit stort fagdidaktisk potensiale, korleis disiplinen talemål kan fungere som fagdidaktisk kategori og danningsfenomen, kva som skjer i møtet mellom multimodale og litterære tekstar, korleis rammene er for val av litteratur i klasserommet og danningsomgrepet si historie i norskfaget. Sjølvoverskridinga utgjer ei overbygning for dei ulike bidraga, og eit kritisk blikk på fenomenet danning går som ein raud tråd gjennom heile artikkelsamlinga.
Forfattarane har som ambisjon å teoretisere over og tenkje prinsipielt på norsk fagdidaktikk, og opningsartikkelen drøftar spesielt nokre viktige retningslinjer for norskfagleg arbeid i klasserommet.
Artiklane er eit viktig bidrag til ein norskdidaktisk debatt, og rettar seg mot den allment interesserte lesaren.
Sveinung Nordstoga er dosent, Kirsten Linnea Kruse er høgskolelektor og stipendiat, Petter Bjellås er høgskolelektor, Kjærsti Skjeldal er høgskolelektor og Bernt Øyvind Thorvaldsen er førsteamanuensis, alle ved Institutt for lærerutdanningsfag, Høgskolen i Telemark.
Innhold
Forord
Den moglege sjølvoverskridinga
Av Sveinung Nordstoga
Bakgrunn og problemstilling
Det hermeneutiske prinsippet
Det språkleg-retoriske prinsippet
Det estetiske og kulturelle prinsippet
Samanfatning og konklusjon
Den historiske lesemåten
Av Bernt Ø. Thorvaldsen
Innledning
Ulvekjeltringen
Hvorfor den ene er trell og den andre høvding
Den enes lik er den andres verden
Den historiske lesemåten
Danning – omdanning for utdanning?
Av Sveinung Nordstoga
Innleiing
Nokre danningsideologiske føresetnader
Status 1889
Lesing – to døme
1920- og 30-talet: demontering av danningsideala?
Johan Hertzberg (1872–1954) og Herman Ruge (1883–1976)
Den norske grendeskulen: arbeidsmåten i landsfolkeskulen
Vakkernorsken på 1950- og 60-talet
1970-talet: ei omdefinering av danninga?
Status 1981 – og ny arbeidsgruppe
Strid om skriveopplæringa?
Identitet, didaktikk og danning rundt 2000
Frå demontering til destruksjon?
Konklusjon
Talemål, didaktikk og danning
Av Petter Bjellås
Språkdidaktikk og språkleg danning
Talemål og talespråk
Språkleg identitet
Talemålsdidaktikk og danning i faglitteraturen ved lærarutdanninga
Talemålsdidaktikk og danning i læreplanen
Svenske og danske læreplanar
Talemålsdidaktikk i læreverka
Konklusjon
Hvilken bok er det mulig å velge?
Av Kjærsti Skjeldal
Innledning
Statens samfunnsmandat til grunnskolen
Systemteori
Danning, selvrefleksjon og valg
Mål/middel-didaktikk: didaktikk er lik metode og danning kan foreskrives kausalt
God leseundervisning: et spørsmål om avkodingstempo og lesestrategi
Eleven lærer om sin egen læring
Struktur og resonnement i God leseopplæring – for lærere på ungdomstrinnet
Konklusjoner
Multimodale og litterære tekstmøter
Av Kirsten Linnea Kruse
Innleiing
Kunnskapsutvikling mellom praktisk tekstskaping og teoretisk perspektivering
Den litterære tekstens modale forvandling – utdyping av teori
Kreative multimodale ensembler – analyse av et utvalg bokanmeldelser
Didaktiske implikasjoner
Mellom litterær og multimodal dannelse
«Møter» som dannelsesarena
Et dannende tekstarbeid mellom erkjennelse og sansning
Konklusjon
Utgitt november 2014