Spesialundervisning i grunnskulen
ISBN: 82-7935-006-3
Om boka
-
Historia til spesialundervisninga er ei forteljing som reiser grunnleggjande spørsmål om velferdsstaten er for alle. Elevar som har spesielle behov for hjelp og støtte, har ikkje alltid fått det i skulen. Kravet om rett til undervisning kom først og fremst frå foreldra. Politikarar og pedagogar var dei største motstandarane. Det har vore debatt og strid rundt spørsmål knytt til rettferd, ressursar, utdanningspolitikk og profesjonalisering. Kven skal definere om elevar med behov for spesialundervisning skal få hjelp? På kva grunnlag skal dei få denne hjelpa? Skal dei gå i spesialskular eller i normalskule? Kva status skal dei ha i ein grunnskule for alle?
Framstillinga legg hovudvekta på perioden etter 1960 og drøftar både dei politiske formuleringane og måla for spesialundervisninga, realiseringa av desse og kva som er oppnådd. Boka gir eit oversyn over ulike kunnskapstradisjonar og det som er gjort av forsking innan spesialundervisninga.
Boka vender seg til studentar som utdannar seg til yrke innan utdannings- og sosialsektoren, som har med barn og ungdom å gjera, som t.d. lærar, spesialpedagog, førskulelærar og barnevernspedagog. Boka er også aktuell for foreldre og politikarar med interesse for utviklinga av spesialundervisninga.
Om forfatteren
Peder Haug er fil. dr., professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda.
Innholdsfortegnelse
Kapittel 1 Spesialundervisning som pedagogikk og politikk
Tidlegare forsking
Kritisk om utdanningshistorie
Omgrep om politikk
Sosial rettferd
Ideologi
Kunnskapstradisjonen innan spesialundervisninga
Kjeldematerialet og analysar
Kategoriar og omgrep
DisposisjonKapittel 2 Skulen for alle fram til 1960-åra
Formuleringsplanet
Realiseringsplanet
Eit rettferdig system?
Danning, undervisning eller opplæring?Kapittel 3 Spesialundervisning som velferd (1950-1990)
Spesialundervisning og velferdsstat
Optimismens år 1950-1975
Kritikkens år 1965-1990Kapittel 4 Dei store aksjonane (1965-1970)
Tre viktige innstillingar
Stortingsdebatten om spesialskulane
«Konsentrasjonsleir»
Ein debatt i to delar
Sivilombodsmannen sin uttale
Etterverk og reparasjon
Stortinget presiserer
«Det har blitt stadig klarare»
Ny lov om grunnskulen
Situasjonen ved overgangen til 1970-åra
Tilhøva for forskinga i spesialpedagogikk
Innhaldet i forskinga
LotterietKapittel 5 Mot ei felles lov for all grunnskuleundervisning (1970-1975)
Integrasjonsdiskursar
Blomkomiteen si innstilling
Lite nytt frå Blomkomiteen
Motstand og støtte
Revidert grunnskulelov
Massiv støtte til Blomkomiteen
Ny mønsterplan
Forsøks- og forskingsarbeid
Kva har hendt?Kapittel 6 Mot ein inkluderande skule (1975-1991)
Politisk reformmønster
Spesialskulesystemet
Basis for dei politiske debattane
Tilhengarar og skeptikarar
Politisk presisering av omgrepet integrering
Ressursdebattane
Usemje i synet på omfang og tempo
Usemje om Mønsterplanen frå 1987
Usemje om spesialskulane
Forskinga om organisering av spesialundervisning
Forsøks- og forskingsinstansar
Kvar står vi no?Kapittel 7 Spesialundervisning på 1990-talet
Resultat ein har nådd i spesialundervisninga
Tiltak for å støtte inkluderande integrering
På veg mot ein inkluderande skuleKapittel 8 Resultat og dilemma i spesialundervisninga
Dilemma i spesialundervisningaNotar
Litteratur
Stikkordregister
Utgivelsesdato
Ei historisk analyse av spesialundervisninga i skulen.