Kvalifisering for profesjonsutøving. Sjukepleiar - lærar - sosialarbeidar
ISBN: 978-82-7935-290-7
Om boka
-
- Kor viktig er utdanninga i kvalifiseringa av profesjonsutøvarar?
- Korleis bør profesjonsutdanningane styrkast?Denne boka drøftar empiriske og normative spørsmål knytt til profesjonskvalifisering. Framstillinga set søkjelys på og samanliknar tre sentrale velferdsprofesjonar: sjukepleiarar, lærarar og sosialarbeidarar. Boka legg fram ny empirisk kunnskap om korleis utdanninga til desse yrka blir vurdert av studentar og ferske utøvarar. Ho undersøkjer forholdet mellom utdanning og yrke og den vidare opplæringa i yrket. Boka tek også opp ein normativ diskusjon om korleis profesjonskvalifiseringa bør styrkast. Det blir her vist til ein meir allmenn debatt som strekkjer seg utover dei nemnde profesjonane.
Boka viser at det er behov for å tenkje gjennom relasjonen mellom utdanning og yrke på nytt. I profesjonskvalifiseringa må ein fokusere på kunnskapsinnhald, men òg på den personlege utviklinga og den profesjonelle identiteten til dei som følgjer kvalifiseringsløyper mellom utdanning og yrkesfelt.
Boka er eit resultat av deltaking i arbeidet med to prosjekt ved Senter for profesjonsstudier (SPS) ved Høgskolen i Oslo - gjennomført i samarbeid med Høgskulen i Volda, "Velferdsstatens yrker" og "Qualifying for Professional Careers". Begge er finansierte av Noregs forskingsråd.
Om forfatteren
Kåre Heggen er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda og professor II ved Senter for profesjonsstudier, Høgskolen i Oslo. Han har i mange år arbeidd med ungdoms-, utdannings- og profesjonsforsking, halde foredrag og publisert bøker og artiklar på desse fagområda.
Innholdsfortegnelse
Kapittel 1
Kvalifisering for profesjonsutøvingKapittel 2
Profesjonsutdanningar med ulik historie
- Allmennlærarutdanninga
- Sjukepleieutdanninga
- Sosialarbeidarutdanninga
- Ulike tradisjonar
- OppsummeringKapittel 3
Rekruttering
- Velferdsprofesjonar
- Dei einskilde utdanningane
- Motivasjon
- Alder og kjønn
- Tidlegare utdanning, yrkesaktivitet og familie
- Teoretiske perspektiv
- OppsummeringKapittel 4
Profesjonskvalifisering
- Kunnskapssyn
- Profesjonsutdanningar - ei historie om akademisering?
- Kløfta mellom utdannings- og yrkesarena
- Omgrep som kan byggje bru
- Den moralske dimensjonen
- Oppsummering og nye spørsmålKapittel 5
Utviklar utdanninga det profesjonelle engasjementet?
- Studiekvalitet (studieinterne faktorar)
- Profesjonelt engasjement
- Samanhengar
- Studieeksterne forhold
- Modell for regresjonsanalyse
- Oppsummering og diskusjonKapittel 6
Kva har utdanninga å seie for kompetansen?
(Kåre Heggen og Hilde Larsen Damsgaard)
- Relasjonen mellom utdanning og yrke
- Fornøgd med utdanninga?
- Kompetanse og kompetansegap
- Utdanninga og yrket - intervjustudien
- Frå studium til yrke
- Oppsummering og diskusjonKapittel 7
Blir kvalifiseringa følgt opp i yrket?
(Kåre Heggen og Hilde Larsen Damsgaard)
- Opplæring og fagleg rettleiing i yrket
- Oppsummering og diskusjonKapittel 8
Profesjonell identitet
- Identitetsperspektiv
- Læring og identifisering gjennom deltaking
- Praksisfellesskap
- Legitim perifer deltaking
- Situert læring
- Identitet
- Kritikken av Lave og Wenger
- Integrasjon i tid
- Teoriens ideologiske elementKapittel 9
Den kunnskapssosiologiske diskusjonen
- Dilemmaet
- KunnskapsformerKapittel 10
Den pedagogiske diskusjonen
- Identitet og biografi
- Pedagogikk for profesjonell identifisering
- Meiningsfylt samanhengVedlegg
Metoderefleksjonar, tabell og detaljar om regresjonsanalyse
- StudData-materialet
- Kvalitative intervju med profesjonsutøvarar
- Bruken av det samla materialet
- Validitet, generalisering, etiske vurderingar
- RegresjonsanalyseLitteratur
Utgivelsesdato
Utgitt i juni 2010