Dialog, samspel og læring

ISBN: 978-82-7935-028-6

Om kunnskaps- og læringssyn kombinert med artiklar om konkrete læringssituasjoner.
Veiledende pris med mva
Salgspris med rabatt
Pris: kr. 395
Rabatt
Forfatter: (red.) Olga Dysthe

Ei av dei viktigaste utfordringane innanfor utdanning er å finne balansen mellom individ og fellesskap, mellom individualiserande og fellesskapsretta læringsformer. Skolen har framleis potensial i seg til både å vere kulturbærande og til å skape ein kultur som tolererer og verdset ulikskap. Men det betyr at skolen må leve i spenninga mellom å gi rom for individuelle læringserfaringar og å dyrke fellesskapsprosessane. Korleis det skal gjerast i praksis har både med læringssyn og didaktisk kompetanse å gjere. I denne boka blir derfor artiklar om kunnskaps- og læringssyn kombinert med artiklar om konkrete læringssituasjoner.

Det er læring i samspel med andre som står i fokus i boka. Å få slik læring til å fungere godt, det vil seie slik at læring faktisk skjer, er ei utfordring. Eit av dei kritiske punkta er kva som bind saman erfaringane til den enkelte og dei andre. Den viktigaste samanbindande lekken mellom kollektive og individuelle erfaringar er ulike former for kommunikasjon. Dermed blir språket eit sentralt tema. Samstundes blir tverrfagleg tilnærming naudsynt. Boka rommer derfor artiklar av forfattarar innanfor ulike fagfelt – som pedagogikk, psykologi, norsk og fagdidaktikk.

Boka vil vere av interesse for alle som er opptatt av læring, kulturformidling og kunnskapsutvikling og som ønskjer å få betre innsikt i kommunikasjons- og samspelsprosessar og korleis kvaliteten på dei kan forbetrast. Boka er spesielt retta mot dei som tar sikte på å bli lærarar og rettleiarar på alle trinn i utdanningssystemet og andre som treng pedagogisk kompetanse i arbeidet sitt.

Boka kommer på dansk på Forlaget KLIM og på svensk hos Studentlitteratur.


Olga Dysthe er dr. art., professor ved Universitetet i Bergen (Prosjekt Hovedfag i pedagogikk / Program for læringsforskning).


OLGA DYSTHE
Om samanhengen mellom dialog, samspel og læring

Del 1
OLGA DYSTHE
Sosiokulturelle teoriperspektiv på kunnskap og læring 
OLGA DYSTHE OG MARI-ANN IGLAND
Vygotskij og sosiokulturell teori 
JOSTEIN BØRTNES
Bakhtin, dialogen og den andre 
MARI-ANN IGLAND OG OLGA DYSTHE
Mikhail Bakhtin og sosiokulturell teori 
SVEINUNG VAAGE
Perspektivtaking, rekonstruksjon av erfaring og kreative læreprosessar: George Herbert Mead og John Dewey om læring 
KARSTEN HUNDEIDE
Det intersubjektive rommet 
VIBEKE GRØVER AUKRUST
Klasseromssamtaler, deltakerstrukturer og læring

Del 2
KAARE SKAGEN
Veiledningssamtaler i bakhtinsk perspektiv 
ROGER SÄLJÖ, EVA RIESBECK OG JAN WYNDHAMN
Samtal, samarbete och samsyn: en studie av koordination av perspektiv
i klassrumskommunikation 
MARI-ANN IGLAND
Mens teksten blir til: lærarkommentarar og felles bearbeidingsprosjekt 
TORLAUG LØKENSGARD HOEL
Ord på vandring: elevar i samtale om tekstar 
JON SMIDT
«Om ljod bed eg alle …» Elevytringer i klasserommet og den store dialogen 
OLGA DYSTHE
Dialogperspektiv på elektroniske diskusjonar 
OLGA DYSTHE
Mappemetodikk med sosiokulturell forankring

FORFATTAROMTALER


Om kunnskaps- og læringssyn kombinert med artiklar om konkrete læringssituasjoner.