Kraftfull refleksjon i lærarutdanninga
ISBN: 978-82-7935-059-0
Med utgangspunkt i ei empirisk undersøking av refleksjon i norsk førskulelærarutdanning syner forfattaren korleis refleksjon artar seg i rettleiingssituasjonar. Gjennom observasjonar av rettleiingssamtalar og intervju med studentar og lærarutdannarar går det fram at refleksjon tener som forsterking og spegling av det ein alt veit. Refleksjonen vert kraftlaus.
Forfattaren argumenterer for eit viktig skilje mellom det ho kallar refleksjon som djuptenking, retta mot meir av det ein alt veit, og refleksjon som grunnlag for å overskride det eksisterande, ein kraftfull refleksjon. Denne er filosofisk forankra i fenomenologi og er spesielt inspirert av filosofar som Simone de Beauvoir, Hannah Arendt og Maurice Merleau-Ponty. Desse er alle, om enn på litt ulikt vis, opptekne av tenking og refleksjon med utgangspunkt i levde liv. Det er først når menneske oppnår medvit om eiga tenking, at dei kan overskride den og det som alt er tenkt frå før.
Introduksjon ved Mikael Alexandersson, Universitetet i Göteborg.
Kari Søndenå er fil.dr., førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Stavanger. Ho er førskulelærar og har lang erfaring som lærar i norsk førskulelærarutdanning. I seinare år har ho utvikla ei sterk interesse for filosofisk pedagogikk, spesielt med tanke på refleksjon, didaktikk og pedagogisk rettleiing i profesjonsutdanningar.
Introduksjon - Reflektion om reflektion
Innleiing - Ei verd full av kvasse kantar
Refleksjon og profesjon
Innhald og lesemåte
Stil og forventningar
Kap 1 - Kraftfull refleksjon
Er refleksjonsinnhaldet likegyldig?
Kap 2 - Eit filosofisk tilskot
Tilskotet frå Hannah Arendt
Tilskotet frå Simone de Beauvoir
Eksistensielt opphav og eksistensielle spørsmål
Kap 3 - Eit eksistensielt perspektiv
Barnehagen som oikos og polis
"Kvifor brenn det i brannbilen?"
Barnehage- og førskulelærarutdanning som politisert sfære
Studenten Mala sitt bidrag til refleksjon
Refleksjonens polis
Er all refleksjon nødvendigvis bra?
Vern om barnet og vern om verda
Kap 4 - Eit instrumentelt perspektiv
Refleksjon - for å ...
Eit refleksjonssukk
Refleksjon og lærarikon
Refleksjon og ikon
Elvis og ikon som absolutt perfeksjon
Madonna som overskriding av ikon
Refleksjonens vev
Kap 5 - Refleksjonens paradoks
Eit historisk tilbakeblikk
Rettleiingssmak
Å trekkje seg tilbake og spørje under den Andres blikk
Studentane Hilde og Toril
Studenten Hilde - "... for du er veldig ung, er du ikke?"
Studenten Toril - "Du liker egentlig å få litt utfordrende spørsmål, du?"
Rettleiingssamtalen
Ulik grad av privilegert situasjon og refleksjon
Refleksjon som spegling
Det personlege og det abstrakte
Immanens og transcendens
Kap 6 - Kraftfull refleksjon i lærarutdanninga
Didaktisk sensibilitet, omsorg og undervisning
"Kor i holaste vart det av Vygotsky då eg trong han?"
Sensibilitet, sterk merksemd og sympati
Ein lærande lærar
Med sans for sensibilitet
Didaktisk sensibilitet i praksis
Eksistensen, men ikkje utan essensen!
Kap 7 - Fjorten refleksjonsoppfatningar
Må vi meine det vi seier om refleksjon?
Du òg!
Fjorten refleksjonsoppfatningar
Din tur til å gå på besøk!
Avslutning: Grepet om tanken
Litteratur
Stikkord
Utgitt i september 2004